Lova Herren! Han er nær

1. Lova Herren! Han er nær Når me syngja vil og beda Samlast i hans namn me her, Sjølv han inn til oss vil treda. Lova Herren, gamle, unge, Pris hans namn, kvar barnetunge!

2. Herre, ver oss evig nær! Ver oss nær i morgonstunder, Og når sol og stjernehær I den djupe natt går under! Anden din frå oss ei vike, Til me ser deg i ditt rike!

Bernhard Severin Ingemann/Anders Hovden