Du får koma til Jesus

1. Du får koma til Jesus med det som er tungt, Med di synd og di sorg og di sut! Du skal vita for visst: Om du kjem som du er, Skal han slett ikkje støyta deg ut.

2. Du får koma til Jesus i motgang og tvil, Og når nedbøygd i mismot du går. Han vil kveikja din hug, Han vil tendra ein smil Og for vinter deg gjeva ein vår.

3. Du får koma til Jesus når gale det gjekk. Du får koma for tusende gong. Han vil reisa deg opp, han vil gle deg igjen. Han vil fylle ditt hjarta med song.

4. Du får koma til Jesus i ungdomens tid. I din manndom og når det vert kveld. Du får koma til Jesus når sola går ned, Og dei nattsvarte skuggane fell.

5. Du får koma til Jesus i Faderens hus. Der hans herlegdom skal du få sjå. Du får vera hos Jesus til æveleg tid. Sei, kva meir kan du ynskja deg då?

Trygve Bjerkrheim